Praksis i kroppsøvingslærar- og idrettsutdanningar: 3 utfordringar for framtidig fagutvikling
Abstract
Praksis er ein viktig del av yrkesretta utdanningar. Trass i dette har det vore lite forsking på praksis i kroppsøvingslærarutdanninga og andre idrettsvitskaplege utdanningar. I denne artikkelen oppsummerer vi resultat og funn frå tre ulike forskingsprosjekt som på ulike vis har undersøkt praksis i kroppsøving- og idrettsvitskapeleg utdanningar. Metodisk sett har desse undersøkingane vore systematisk litteraturstudie, fokusgruppeintervju og aksjonsforsking. Ei særleg utfordring som undersøkingane vi har vore involvert i peikar på, er samarbeidet mellom undervisarar på høgskulane, praksisrettleiarar (øvingslærarar) og studentar. På bakgrunn av våre funn og ei kunnskapsoppsummering av partnarskapmodellar i lærarutdanninga diskuterer vi til slutt tre utfordringar for praksis i kroppsøvings- og idrettsvitskaplege utdanningar. Desse utfordringane er (i) å sette studenten si læring i sentrum, (ii) hensiktsmessige medium for refleksjon og (iii) teori-praksisdistinksjonar i utdanningane. Vår intensjon er ikkje å svare på desse utfordringane, men å røyse dei og skissere kva dei består av. Det er opp til institusjonane, undervisarar og studentar å arbeide med desse utfordringane i dei konkrete utdanningsløpa.
Published
How to Cite
Issue
Section
Keywords:
kroppsøving, idrettsvitskap, praksis, partnarskap
License
Copyright (c) 2017 Øyvind Førland Standal
![Creative Commons License](http://i.creativecommons.org/l/by/4.0/88x31.png)
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 4.0 International License.
Authors contributing to Journal for Research in Arts and Sports Education retain the copyright of their article but agree to publish their articles under the terms of the CC-BY 4.0 License