Praksis i kroppsøvingslærar- og idrettsutdanningar: 3 utfordringar for framtidig fagutvikling

Forfattere

  • Øyvind Førland Standal Norwegian School of Sport Sciences
  • Kjersti Mordal Moen
DOI: https://doi.org/10.23865/jased.v1.562

Sammendrag

Praksis er ein viktig del av yrkesretta utdanningar. Trass i dette har det vore lite forsking på praksis i kroppsøvingslærarutdanninga og andre idrettsvitskaplege utdanningar. I denne artikkelen oppsummerer vi resultat og funn frå tre ulike forskingsprosjekt som på ulike vis har undersøkt praksis i kroppsøving- og idrettsvitskapeleg utdanningar. Metodisk sett har desse undersøkingane vore systematisk litteraturstudie, fokusgruppeintervju og aksjonsforsking. Ei særleg utfordring som undersøkingane vi har vore involvert i peikar på, er samarbeidet mellom undervisarar på høgskulane, praksisrettleiarar (øvingslærarar) og studentar. På bakgrunn av våre funn og ei kunnskapsoppsummering av partnarskapmodellar i lærarutdanninga diskuterer vi til slutt tre utfordringar for praksis i kroppsøvings- og idrettsvitskaplege utdanningar. Desse utfordringane er (i) å sette studenten si læring i sentrum, (ii) hensiktsmessige medium for refleksjon og (iii) teori-praksisdistinksjonar i utdanningane.  Vår intensjon er ikkje å svare på desse utfordringane, men å røyse dei og skissere kva dei består av. Det er opp til institusjonane, undervisarar og studentar å arbeide med desse utfordringane i dei konkrete utdanningsløpa.

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Publisert

2017-09-25

Hvordan sitere

Standal, Øyvind F., & Moen, K. M. (2017). Praksis i kroppsøvingslærar- og idrettsutdanningar: 3 utfordringar for framtidig fagutvikling. Journal for Research in Arts and Sports Education, 1(3). https://doi.org/10.23865/jased.v1.562

Emneord (Nøkkelord):

kroppsøving, idrettsvitskap, praksis, partnarskap