Å forske på eiga speling

Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi

Forfattere

  • Njål Ølnes
DOI: https://doi.org/10.23865/jased.v1.942

Sammendrag

Denne artikkelen presenterer, undersøker og diskuterer bruken av auditiv sonologi som metode for å forske på improvisert musikk. Studien er eit eksempel på kunstnarleg forsking, og rettar sine spørsmål frå innsida av ein kunstnarleg praksis. Det underliggande forskingsspørsmålet som har oppstått frå den kunstnarlege praksisen og som vert undersøkt gjennom denne artikkelen er: Korleis kan bruk av auditiv sonologi som analysereiskap hjelpe ein musikar-forskar til å forske på musikk innanfrå sin eigen kunstnarlege praksis? Dette spørsmålet vil verte handsama analytisk, refleksivt og kritisk. Konkrete eksempel gjer det muleg å sjå kva auditiv sonologi er og kan gi som metode. Artikkelen vil fokusere på dei metodologiske sidene ved auditiv sonologi, samt vise min konkrete bruk av metoden i eit større forskingsprosjekt. Slik argumenterer artikkelen for at auditiv sonologi er ein nyttig analytisk reiskap for å drive forsking på musikk frå ein hybrid musikar/forskar-ståstad med eit kunstnarleg perspektiv.

English abstract

The article presents, investigates and discusses the use of aural sonology as a method for research on improvised music. The study positions itself within the genre of artistic research and poses its research questions from the inside of artistic practice. The research question which has arisen from the artistic practice presented in this article is: How can aural sonology as an analytical tool help a musician/researcher to do research on music from inside the artistic practice? This guiding question has undergone analytical, critical and reflective elaboration, on its passage from the inside out. Full appreciation of aural sonology and its potential as an artistic research method depends on concrete examples. In this article, I therefore refer to and give example of my own specific use of the method in a more comprehensive research project. Based on this, the article argues that aural sonology is an important analytical tool for conducting music research from a hybrid position of musician/researcher in the perspective of artistic practice.

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Publisert

2017-12-14

Hvordan sitere

Ølnes, N. (2017). Å forske på eiga speling: Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi. Journal for Research in Arts and Sports Education, 1(5). https://doi.org/10.23865/jased.v1.942

Utgave

Seksjon

Forskningsartikler

Emneord (Nøkkelord):

auditiv sonologi, kunstnarleg forsking, praksisforsking, improvisasjon, analyse, metode