«…for eg skal ha eit godt lag…» Friluftslivslærarar si organisering av klassen på tur

  • Inger Margrethe Tronstad Nord universitet, Norge
  • Idar Kristian Lyngstad Nord universitet, Norge

Abstract

Denne artikkelen viser resultat frå ein kvalitativ studie om kva friluftslivslærarar er opptekne av og seier dei gjer, når dei organiserer klassen på friluftslivstur. Studien er gjort i norske vidaregåande skolar og folkehøgskolar, i klassar som har friluftsliv som sitt hovudfag. Data er innhenta gjennom semistrukturerte intervju med 18 friluftslivslærarar. Dataanalysen er gjort innanfor vitskaps- og kunnskapsteoretiske rammer som Alvesson & Sköldberg (2017) og Kvale og Brinkmann (2015) skildrar for hermeneutisk analyse av intervjudata. Resultata viser at lærarane er opptekne av og brukar symbol, ritual og system for teltlag, turleiarskap, forflytting, tid, klokke og mobil. Dei gjer avklaringar med elevane og er opptekne av dialog og god samtale med alle elevane i klassane. Den gode samtalen er gjennomgåande i praksisen. Analysen viser også at lærarar bruker konfliktperiodar til å betre klassemiljøet. Analysen får fram organisatoriske nøklar for at fellesskapet skal fungere i klassen og for at elevane skal nå faglege og sosiale mål i friluftsliv. Analysen viser at organisering er eit teknisk-pedagogisk, men samtidig verdilada omgrep, noko som blir drøfta i studien.

English abstract

English title: «…Because I want to have a good team»: How Friluftsliv teachers organize the class on multi-day ski tours and overnight treks

This article shows the results of a qualitative study of what friluftsliv teachers are interested in and says they do when they organize the class on multi-day ski tours and overnight treks. The study was conducted in Norwegian upper secondary and folk high schools, in classes with outdoor life as their main subject. Data were obtained through semi-structured interviews with 18 friluftsliv teachers. The data analysis is done within the science and epistemological theory framework that Alvesson & Sköldberg (2017) and Kvale and Brinkmann (2015) describe for hermeneutic analysis of interview data. The results show that the teachers are preoccupied with using symbols, rituals, and systems for tent teams, tour leadership, relocation, time, clock, and mobile. They make clarifications with the students and are engaged in a dialogue with all the students in the classes. Good conversation is consistent in practice. The analysis also shows that teachers use conflict periods to improve the group environment. The study reveals organizational keys needed to make the class function in the best possible way, and for the students to achieve academic and social goals in friluftsliv. The analysis shows that organization is a technical-pedagogical term, but at the same time, a concept that shows values the teacher has, something that is discussed in the study.

Usage Statistics
Total downloads:
Download data is not yet available.
Published
2022-01-06
How to Cite
Tronstad, I. M., & Lyngstad, I. K. (2022). «…for eg skal ha eit godt lag…» Friluftslivslærarar si organisering av klassen på tur. Journal for Research in Arts and Sports Education, 6(1). https://doi.org/10.23865/jased.v6.3007
Keywords
organisering, struktur, fellesskap, friluftsliv, friluftlivslærer, organization, structure, unity